|
LITT OM KUNSTNAREN Rita Slotterøy er oppvokst på Hareidlandet, men bur og arbeidar i dag som kunstnar i Los Angeles, California. Ho har alltid hatt ei sterk interesse for kunsten og utdanna seg til lærar innan kunst- og handverkfaget i Notodden, Telemark. Etter å ha fullført hovudfag og jobba ein del med ulike former for kunst-undervisning tok ho etter kvart til med vidareutdanning innan maling og keramikk i California. Kunstnaren er glad i naturen og finn mykje av inspirasjonen til bileta sine her. Dette vert likevel ofte omforma gjennom den kreative og skapande prosessen:
Bileta ber også preg av hennar keramiske bakgrunn der gamle dekorerings-teknikkar som “horning” (på engelsk; slip-trailing) vert nytta på ein ny og kreativ måte i biletflata - leira har blitt erstatta med ulike male-medium og skaper på denne måten eit heilt nytt og unikt utrykk. |
|
|
HEIM - BILDE - KERAMIKK - CORPORATE ART SALES - KONTAKT - NYTT